I Gudbrandsdalen erfarer vi no at vasskjelder på grunn av det langvarige varme vêret tørkar ut både på innmark og utmark. Det som tidlegare var rekna som sikre vasskjelder blir borte. Det gjeld både bekkar og små tjern. Dersom det blir langt for dyra å gå etter vatn, kan det fort gå ut over vassopptaket og i neste omgang opptaket av beiteplanter. Manglande vasstilgang kan føre til at dyr døyr.
Innmark
På innmark oppmodar vi husdyrhaldarar til å føre kontinuerleg kontroll med at dyra har vatn. Hugs at vasskjeldene raskt kan tørke inn. Likeeins er det viktig at dyra har skygge mot sola. Kontroller også allmenntilstanden til dyra. Vi ser stadig dyr som er medtekne på grunn av manglande tilgang på vatn og/eller skygge.
Utmark
I regelverket er krav om tilsyn minst ein gong i veka for dyr i utmark (jf. forskrift om hold av storfe § 17 og forskrift om velferd for småfe § 19), men oftare dersom situasjonen krev det. Situasjonen i Gudbrandsdalen er no slik at tilsynet bør intensiverast. Det er viktig å kontrollere at også dyra som går i utmark har vatn. Vi har døme på husdyrhaldarar som no køyrer vatn til dyr som dei har gåande i utmarka. Det er òg viktig å sjekke seterkveer. Husdyr som bryt seg inn på kveene, kan bli fanga inne og ikkje koma seg ut. Ofte kan desse dyra ikkje ha tilgang på vatn i det heile.
Andre forhold
Vi vil elles oppmode alle til å la vera å jage dyr unødig. Mange kan vera medtekne på grunn av varme og tørste. Vi vil også minne om bandtvangen for hundar som no er viktigare enn nokon gong. Gløym heller ikkje hest og kjæledyr når det gjeld vatn og skygge. Dei slit like mykje i sola som det produksjonsdyra våre gjer.
Regler ved import av fôr
Mange bønder opplever i år en ekstrem tørke, noe som medfører en vanskelig fôrsituasjon for husdyrprodusenter. Mattilsynet har lagt ut relevant informasjon og veiledning på sine nettsider om hvilke regler som gjelder for innførsel av fôr, og råd om hvordan dette kan gjøres trygt:
https://www.mattilsynet.no/dyr_og_dyrehold/for/forsituasjonen_knyttet_til_varme_og_lite_nedbor.31610
Det er den som innfører fôret, selger det videre eller gir det til dyrene som har ansvaret for at det er trygt. Ta gjerne kontakt med Mattilsynet for veiledning rundt dette.
Ta kontakt med Mattilsynet for mer informasjon og veiledning!
Mattilsynet, avdeling Gudbrandsdal
Telefon 22 40 00 00, e-post: postmottak@mattilsynet.no