Karrieresentra har tradisjon for å reise ut til alle biblioteka i regionen for å orientere våre vaksne innbyggjarar om moglegheiter innafor utdanning og arbeid.
Det er mange vaksne som kjem og tek utdanning gjennom karriersentra, men vi ynskjer å kome i kontakt med enda fleire. Vi dreg difor ut til biblioteka for å møte folk der dei bur, og for å gjere terskelen lågare for å søkje informasjon.
Vi meiner og at biblioteka er ein naturleg stad å vere når ein tek utdanning. Biblioteka er ei utømeleg kjelde av fagstoff og litteratur, og dei tilsette har høg kompetanse i å veilede folk med å finne relevante bøker i ein utdanningssituasjon. Det er i tillegg ein optimal plass for dei som ynskjer å studere i stille og rolege omgjevnader, og ha eit rikt utval av litteratur tett innpå seg. Vi lever i ei digital verd men trykte bokstavar og ord i ei bok kan aldri fullt erstattast, om du vil vere sikker på kvaliteten og du ynskjer å fordype deg i eit emne. Biblioteka kan og vere eit fint samlingspunkt om du vil møte dine medstudentar for til dømes oppgaveskriving og førebuing til eksamen.
Vi dreg gjerne ut til biblioteka for veiledningssamtaler utanom desse årlege besøka. Det må i så fall vere etter avtale. Om du ikkje har anledning til å møte oss på desse kveldane , så legg vi att brosjyrer og kontaktinformasjon på biblioteket.
Håpar du tek kontakt!
STED
|
DATO
|
KLOKKESLETT
|
Sør Fron bibliotek
|
Mandag 6.mars
|
17.00-19.00
|
Lom folkebibliotek
|
Mandag 6.mars
|
17.00-19.00
|
Dovre folkebibliotek
|
Mandag 6.mars
|
16.00-18.00
|
Nord- Fron bibliotek
|
Onsdag 8.mars
|
17.00-19.00
|
Ringebu folkebibliotek
|
Mandag 13.mars
|
17.00-19.00
|
Vågå bibliotek
|
Tirsdag 14.mars
|
17.00-19.00
|
Lesja bibliotek
|
Tirsdag 14.mars
|
17.00-19.00
|
Sel bibliotek
|
Onsdag 15.mars
|
17.00-19.00
|
Skjåk folkebibliotek
|
Torsdag 16.mars
|
17.00-19.00
|