Viktig melding

Omsorgstelefon

Omsorgstelefon:

Det er oppretta omsorgstelefon.

Omsorgstelefonen er eit tilbod for alle. Telefonen er betjent av helsepersonell som set deg i kontakt med kommunen sine aktuelle tenester. Du kan også ringe omsorgstelefonen om du har er bekymra for andre.    

Telefonnummeret er 480 75 383, og telefonen er open heile døgnet fram til måndag 5. november kl 15:30. 

Møteplassar gjennom helga

Det er mange som har behov for å kome saman i sorga etter hendinga på Vinstra, og vi ønskjer å ha eit tilbod i denne vanskelege tida.

Alle innbyggarar er velkomne til Vinstra vidaregåande skule. Opningstider i helga er 11:00-21:00 laurdag og søndag. Fredag kveld er skulen open fram til kl 21:00.

Vinstra ungdomsklubb er open for alle ungdommar laurdag 14:00-18:00. Fredag kveld er klubben stengt, men vi oppmodar alle til å vera saman med nokon – familie eller vener.

 

Korleis snakke med barn og unge

På heimesidene til Nord-Fron kommune er det øagt ut ein artikkel med svært god informasjon/tips til foreldre og andre om korleis ein handterer barn og unge i ein krisesituasjon.

Dersom de ønskjer det, går det an å dele saken på dykkar heimesider også. Lenke til saka her: https://www.nord-fron.kommune.no/aktuelt-fra-kommunen/barn-og-unge-i-krise-og-sorg-tips-til-voksne.158274.aspx